Medium og kommunikasjon er faget for deg som er kreativ og interessert i å lære om kommunikasjon og bruk av media. Du lærer mellom anna forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilde, og å utforme bodskap. Studietilbodet er treårig og gir generell studiekompetanse.
Kvifor velje medium- og kommunikasjon?
Medium og kommunikasjon tilbyr praktisk og teoretisk kompetanse innanfor kommunikasjon, design og medieproduksjon. Dette gjev eit godt fagleg grunnlag for både yrkesliv og høgare utdanning.
Som elev ved medium og kommunikasjon er du innom eit vidt spekter av medieuttrykk, til dømes foto, film, fjernsynsproduksjon, lyd, grafisk design, illustrasjon, speldesign, animasjon og journalistikk.
I tillegg tilbyr vi valfritt programfag i toppidrett (fotball, handball, friidrett og esport). Vi kan også tilby toppidrett i andre idrettar etter avtale.
Satsingsområde
Vi har mykje godt produksjonsutstyr relevant og oppdatert programvare og studio for foto, lyd- og fjernsynsproduksjon. Skulen har dessutan høve til å printe ut høgkvalitetstrykk i stort format.VR-studio med HTC Vive
På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.