Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Elevar i klasserom

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor velje påbygg 

Påbygg er studiet for deg som har eit yrkesfagleg opplæringsløp, men som ønskjer å halde fram med studiar på universitets- eller høskulenivå.

Fullført Vg3 påbygg gir generell studiekompetanse

Vi tilbyr

  • Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse 

Kva er påbygg?

Påbygg er eit eittårig tilbod for deg som har gått yrkesfag i vidaregåande opplæring, og som ønskjer generell studiekompetanse.

Opptakskrav

For å søkje Vg3 påbygg må du ha:

  • fullført og bestått vg1 og vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller
  • oppnådd yrkeskompetanse, med eller utan fag- eller sveinebrev.

Vegen vidare

Generell studiekompetanse er det faglege grunnlaget for å søkje opptak til universitet og høgskular. Med generell studiekompetanse  kan du velje mellom ulike utdanningar på høgskular og univeristet.