Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

Elev bruker sag

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?

Er du ein av dei som likar å jobba praktisk og likar å bygga og skapa noko? I dette faget får du bygge og vedlikehalde bygningar og anlegg.

I tillegg tilbyr vi valfritt programfag i toppidrett (fotball, handball, friidrett). Vi kan også tilby toppidrett i andre idrettar etter avtale.

Du lærer:

  • produksjon og oppføring av nye bygningar og anlegg
  • ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg
  • om klima og teknologi
  • om bruk av teikningar, beskivelser og berekningar
  • om kvalitet og sikkerheit
  • materialkunnskap

Vi tilbyr:

Første året (vg1) er felles for alle som vel bygg- og anlegg.

  • vg1 bygg- og anleggsteknikk
  • vg2 tømrar

På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Søk skuleplass på vigo.no

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

På skulen vår har vi ei ny byggfagavdeling som er bygd som ein lærestad, med nye klasserom, verkstader og garderobar. Bygget er utforma som eit moderne anleggsområde, etter modell av det du finn ute i anleggsbransjen.

Me har ei byggfagavdeling med erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. På vg1 og vg2 får du prøve deg hos ein bedrift. Dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet.

Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar, der det vert stilt strenge krav til kvalitet og tryggleik.

Du vil få praksis i bedrift i åtte veker i løpet av det fyrste skuleåret.

Læreplan vg1 bygg- og anleggsteknikk udir.no

Elevane er også ute på oppdrag i nærområdet. Arna vidaregåande skule tek på seg små og mellomstore oppdrag(pdf).

Vg2 Tømrer

Som tømrar kan du få mange ulike oppdrag, nybygg, ombygging, tilbygg, rehabilitering og restaurering.

Kvart år tar avdelinga på seg arbeidsoppdrag innanfor dette fagområdet. På denne måten får du som elev bryne deg på reelle problemstillingar som du kjem til å møte i arbeidslivet.

Mykje av opplæringa i faget går føre seg i praksis i bedrift. Skulen har lange tradisjonar for samarbeid med ei rekkje bedrifter innanfor bygg- og anleggsfaga. Bedriftene ser gjerne at dei får elevar frå Arna vgs som sine framtidige medarbeidarar. Det er her du kan knyte kontaktar for å få deg læreplass.

Etter fullført byggteknikk kan du få lærlingplass innan betongfaget, murarfaget, stillasbyggarfaget eller tømrarfaget.

Toppidrett

Toppidrett med yrkesfag passar for elevar som likar å trena mykje, og som samtidig ønskjer å utdanne seg innan bygg- og anleggsteknikk. Vi tilbyr valfritt programfag i toppidrett til dømes fotball, handball, friidrett. Vi kan også tilby toppidrett i andre idrettar etter avtale. Du trenar 5 timar i veka. 

Toppidrett.

 

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du finn ei oversikt over godkjende lærebedriftar, opplæringskontor og medlemsbedrifter på vilbli.no

Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Fagskoleutdanning eller høgskole gjennom Y-vegen innan tømrarfaget og murarfaget kan du dessuten ta mesterutdanning.