Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

Vi ønskjer at du som elev skal ha det bra, både i timane , i friminutta og på kveldstid.

Vi er her for deg

Elevtenesta er eit tverrfagleg team som i samarbeid med lærarane og leiinga ved skulen støttar opp om å skape eit godt læringsmiljø.

Du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt viss du treng råd og rettleiing eller berre treng nokon å snakke med.

Elevtenesta samarbeidar med andre instansar som pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Oppfølgingstenesta (OT), barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), NAV, barnevern eller politi. Dei samarbeidar også med skolehelsetenesta, helsesjukepleiar og skulepsykolog.

Miljøkoordinator

Maybell Eileen Hjønnevåg jobbar som miljøkoordinator ved skulen. 

Miljøkoordinator jobbar for og med elevar og legg til rette for aktivitet, elevmedvernad og er ein å prate med. Det skal vere låg terskel for å ta kontakt.

Les meir om miljøkoordinatortenesta

Rådgjevarane

Rådgjevarane våre skal rettleie deg i aktuelle saker og konflikter som oppstår på skulen.  Rådgjevar har hovudansvar for karriereveiledning og for å gje deg informasjon om yrke og utdanning og hjelper til med søknader for vidare studievalg.

Rådgjevarane ved skulen

Elevrådet

Elevrådet skal ta opp saker som du som elev synest er viktige. Elevrådet skal fremme elevane sine fellesinteresser og arbeida for eit godt skule- og læringsmiljø. Rådet skal også kunna uttale seg i og koma med forslag i saker som gjeld nærmiljøet til elevane. Det blir valt elevrådstyre kvart skuleår. Elevrådet består av tillitsvalde frå kvar klasse på skulen. 

Elevrådet 2023/2024(pdf)

Elevmentorar 2023/2024(pdf)