Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor helse- og oppvekstfag?
Du som bryr deg om og ynskjer å jobbe med andre menneske, kan passe godt til ei utdanning innan helse- og oppvekstfag.
Arna vgs tilbyr valfritt programfag i toppidrett (fotball, handball og friidrett). Vi kan også tilby toppidrett i andre idrettar etter avtale.
Vi tilbyr:
- vg1 helse- og oppvekstfag
- vg2 helsearbeidarfag
På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.