Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Bokstabel

Biblioteket er plassert rett ved hovudinngangen til skulen. Me har lyse og trivelege lokale med to grupperom og gruppearbeidsplassar. De kan bruke biblioteket til gruppearbeid eller til å slappe av i friminutt eller fritimar. Velkommen innom!

I tillegg til bibliotekdrifta, har skulebiblioteket ansvar for utlånslærebokordninga ved skulen. Lærarar og elevar får låne lærebøkene dei treng gjennom skulebiblioteket. 

For å låne lærebøker må du først fylle ut ei lærebokkontrakt: https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt elev (URL

Er du under 18 år må også føresette underteikne kontrakta.

Avtale om vilkår for utlån av læremiddel, skuleutstyr, mv. for elevar i vidaregåande opplæring (pdf)

Følg oss

Biblioteket på Instagram (ArnavgsBibliotek)

Arna toppar utlånsstatistikken!

Opningstider

Skulebiblioteket er ope i skuletida og vanlegvis bemanna måndag, tysdag og torsdag frå 09:00-15:00

Biblioteket har eit sjølvbetjeningssystem med utlånslappar du kan fylle ut viss du vil låne bøker når bibliotekaren ikkje er til stades. Lappane finn du på hjørnet ved bibliotekarkontoret. Du kan levere tilbake bøker og anna materiale i innleveringskassa som står rett utanfor inngangen til biblioteket.
Dersom du treng hjelp utanom dette, spør på kontoret/ekspedisjonen.

 

Søk i biblioteket sin katalog Arna vgs

Lenke til katalog Arna vgs

Skriv inn eit søkeord i søkefeltet. Det kan være namn på forfattar, tittel på boka, emnet du er ute etter.

NB! Det er betre å skrive litt lite. Dersom du stavar feil vil søkemotoren ikkje finne det du er ute etter!

Du kan også bruke avansert søk.

Når du finn boka du vil sjå nærare på, klikkar du på tittelen/bildet og får opp meir info om boka.

Klikk på fana: «Her finner du den»

Sjå kva som står etter ordet «Hylleplass». Dette fortel kor boka står plassert i biblioteket (Hyllesignatur). Dette vil være tall om det er ei fagbok og ein bokstav om det er skjønnlitteratur.

Denne signaturen finn de igjen på ryggen av bøkene. Leit dekan fram til rett nummer og finn fram boka!

Når de har funne ei bok de vil låne, fyller de ut eit utlånsskjema som ligg ved utgangsdøra. Legg igjen skjemaet til meg og ta med boka.

Viss de vil levere inn bøker når eg ikkje er her kan de legge dei i innleveringskassa som de finn ved inngangen til biblioteket/bordtennisbordet.

Ein god plass å være:

For at biblioteket skal være ein god plass å være for alle, ber me om at de ryddar før de går, tek omsyn ved å ikkje spele musikk, og ved å halde stemmebruken på eit behageleg nivå. Det er dessverre ikkje lov å ete på biblioteket.

Faglitteraturen er stilt opp etter Deweysystemet. Dette systemet er oppkalt etter den amerikanske bibliotekaren Melvil Dewey som utvikla det, og er det mest brukte biblioteksystemet i Norge. Det er ei inndeling av faglitteraturen etter emne.

 

Fagbøkene har eit nummer på bokryggen som samsvarar med lista over. Leitar du for eksempel etter bøker om språk, skal du sjå etter bøker som har eit nummer på 400-talet på bokryggen, medan bøker om historie har eit nummer som begynnar med 9.

Skjønnlitteraturen står oppstilt alfabetisk på etternamnet til forfattaren. Noveller, dikt, barnebøker og teikneseriar står på eigne hyller. Skjønnlitteratur på engelsk, tysk, fransk og spansk står også på eigne hyller.

Gjennom eit felles e-bokkonsortium med folke- og skulebiblioteka i Vestland, har me tilgang på ei stor samling e-bøker og e-lydbøker. Last ned appen BookBites fra Biblioteksentralen på mobilen eller nettbrettet, logg inn med FEIDE eller legg inn det nasjonale lånekortnummeret ditt, så har du tilgang til å låne frå ei rikhaldig samling bøker.

 

#arnaleser

#arnaleser

Kvar haust arrangerer biblioteket ein leselystaksjon som heiter #arnaleser. Her får alle førsteklassingane 20 minuttar lesetid kvar skuledag i 7 veker. Biblioteket har eit godt utval av bøker å velje mellom, og arrangerer også ein konkurranse som del av #arnaleser. Følg med på itslearning for meir informasjon!

Bokstabel.jpg

Om biblioteket

Skulebiblioteket har eit ganske godt utval av fag- og skjønnlitteratur. Me har i tillegg tidsskrifter og ei samling DVDar. Så langt budsjettet tillèt det, kjøper me inn materiale som elevar eller lærarar ynskjer seg. Kom gjerne med ynskjer!

Den fysiske boksamlinga på skulebiblioteket inneheld litt over 10 000 bøker, DVDar og teikneseriar. Her kan de finne litteratur til bruk i skulearbeidet eller bøker å lese på fritida. På biblioteket har me også ein del brettspel.

Bibliotekaren

Trude har jobba på skulebiblioteket sidan 2011. Ho kan hjelpe deg å finne bøker, artiklar og anna materiale. Ho kan og hjelpe deg med kjeldekritikk og kjeldebruk/referanseteknikk.

Trude Vaksdal

Bibliotekar
Trude Vaksdal