Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Kvifor velje studiespseialisering?
Utdanning på høgare nivå (universitet og høgskular) krev at du må ha generell studiekompetanse for å komme inn. Ein del utdanningar krev spesiell studiekompetanse.
Som elev på studiespesialiserande utdanningsprogram kan du få både generell og spesiell studiekompetanse hos oss. Ta kontakt med skulen om du skulle ha spørsmål knytt til dette.
Våre programområde
Vg1 er felles for alle som har valt studiespesialisering.
I tillegg tilbyr vi valfritt programfag i toppidrett (fotball, handball, friidrett og esport). Vi kan også tilby toppidrett i andre idrettar etter avtale.
På vg2 og vg 3 tilbyr vi desse programområda:
- Realfag
- Språk, samfunnsfag og økonomi
Som elev hjå oss kan du og velje programfag frå utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon.
På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.