Hopp til hovedinnhold

Historie

Sopp i lyng

Arna vidaregåande skule er eit resultat av samanslåinga av Arna vidaregåande skule (tidlegare Arna yrkesskule) og Garnes vidaregåande skule (tidligare Arna gymnas) 1. august 2016.

Arna Yrkesskule i Vestlivegen med yrkesfaglege studieretningar vart oppført i 1972 og var ein etterfølgjar av Statens Husindustriskule.

Statens Husindustriskole, oppretta i 1921 i Ytre Arna, den gang i Haus kommune, som landets første i sitt slag. Hensikten var å utdanne bygdefolk for småindustriell viksomheit. Skulen tok imot elevar frå heila landet til fem vekers kurs i tre- og metallarbeid. Den hadde internat, til 1930 under Kirke- og utdanningsdepartementet, deretter under Landbruksdepartementet. Frå 1953 kunne elevane avleggja svenneprøvar ved skulen. I 1964 brann skulen ned, og Hordaland fylkeskommune overdrog tomten. Fylkeskommunen skipa Arna yrkesskule på tomten i 1972. Skulen hadde og ein avdeling på Dalekvam i Vaksdal. I 2010 endra skulen namn til Arna vidaregåande skule. 

Statens Husindustriskule i Haus 10 år

Statens Husindustriskule i Haus 25 år

Arna Gymnas (avdeling Garnesstølen 63)  blei oppretta som middelskule i 1935, omgjort til realskule i 1950 og gymnas frå 1965.  Dei sentrale skulebygningane vart oppført i 1952 og 1960. Gymnaset vart i 2006 slått saman med Garnes vidaregåande skule med sistnevntes navn.

Garnes vidaregåande skule var opprinnelig ein privat håndarbeidsskule etablert av Bertha Garnæs i 1888, (Bertha O. Garnæs fødd 25. januar 1862 på Garnes, død 1938 var ein norsk lærar og rektor.) då under namnet Bertha Garnæs' Haandgjerningsskole. Skulen flytta til Garnes i Indre Arna i 1890, og endra namn til Garnes Handarbeidar skule i 1930, Garnes Husflidskule i 1970 og Garnes vidaregåande skule 1. august 1988. I 1976 fekk skulen og ny skulebygning i Tunesvegen. Skulen har tradisjonelt undervist i husflid og estetiske fag, men hadde dei siste åra medium og kommunikasjon, studiespesialiserande, påbygging til generell studiekompetanse og toppidrett.

Frå hausten 2017 er det berre undervisning i dei to avdelingane Garnesstølen og Vestlivegen, medan avdelinga i Tunesvegen er lagt ned. Frå hausten 2018 er vi samla i Arna vidaregåande skule sitt bygg i Vestlivegen. 

 

Garnes husflidskule 100 år: 1888-1998: frå privat handgjerningsskule til fylkeskommunal vidaregåande skule. Jubileumshefte

Kjelder: Bergen byleksikon, Aslaug Garnes Johnsen