Hopp til hovedinnhold

Medium og kommunikasjon

elevar i studio

Medium og kommunikasjon er faget for deg som er kreativ og interessert i å lære om kommunikasjon og bruk av media. Du lærer mellom anna forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilde, og å utforme bodskap. Studietilbodet er treårig og gir generell studiekompetanse.

Er du kreativ og interessert i kommunikasjon?

Dette er faget for deg som ønskjer praktisk og teoretisk kompetanse innanfor kommunikasjon, design og medieproduksjon. Her får du eit godt fagleg grunnlag for både yrkesliv og høgare utdanning. Studietilbodet er 3-årig og gir generell studiekompetanse.

Vi har mykje godt produksjonsutstyr relevant og oppdatert programvare og studio for foto, lyd- og fjernsynsproduksjon. Skulen har dessutan høve til å printe ut høgkvalitetstrykk i stort format.VR-studio med HTC Vive 

Som elev på Medium og kommunikasjon kan du velje programfag i toppidrett, med fotball, handball, friidrett og e-sport. vi kan også tilby andre idrettar etter avtale.

Skuleåret 2026/2027 

Arna vgs tilbyr medium og kommunikajson på vg3 nivå.

Du lærer om

  • forteljarteknikkar med lyd, tekst og bilde
  • utforming av bodskap
  • foto og film
  • fjernsynsproduksjon og lyd
  • grafisk design og illustrasjon
  • speldesign og animasjon
  • journalistikk

Du kan bli

  • journalist, tekstforfattar eller innhaldsprodusent
  • webdesignar eller speldesignar
  • lydteknikar, lyd- eller filmprodusent
  • kommunikasjonsrådgivar eller mediekonsulent

Vi tilbyr

  • vg3 medium og kommunikasjon

På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Søk skuleplass på vigo.no

Ønskjer du å kombinera medium og kommunikasjon med toppidrett?

Vg3 Medium og kommunikasjon

På Vg3 byggjer du vidare på kompetansen din frå Vg1 og Vg2.

Fullført Vg3 gjev generell studiekompetanse.

Læreplan for vg3 medium og kommunikasjon udir.no

Toppidrett/e-sport

Du kan fordjupe deg i handball, fotball eller e-sport. Dersom du er aktiv og konkurrerer i andre idrettar, kan vi saman med klubben din avtale eit eige opplegg for deg.

Toppidrett/e-sport.

 

 

 

 

Vegen vidare:

Etter fullført Vg3 får du studiekompetanse. Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom samordnaopptak.no. Her finn du og informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på utdanning.no.