Dette er faget for deg som er kreativ og interessert i IT, nettverk og visuelle uttrykksformer. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Er du nysgjerrig på teknologi og korleis dataverda fungerer? Her lærer du om nettverk, maskinvare, programmering og drift av IT-system. Du får jobba praktisk med å setje opp datasystem og utvikla tekniske løysingar - og du lærer å tenkja strukturert og analytisk.
Dette passar for deg som:
- likar data og teknologi
- interessert i IT, nettverk og programvare
- interessert i visuelle uttrykksformer
- strukturert
- har interesse for koding og IT-drift
- er systematisk og løysingsorientert
Nye elevar på vg1 og vg2 kan kjøpa PC'en Dell Latitude 5550, som ligg på nettsida til elev-pc, denne oppfyller alle krav.
For dei elevane som gjekk på vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon i fjor og kjøpte PC'en Dell Latitude 3540 treng ikkje kjøpa ny pc i år.
Om eleven vel å nytta ein annan PC, MÅ den oppfylla desse krava:
- Intel CPU (prosessor)
- 16GB RAM (minne)
- 256GB SSD (kan med fordel vera meir)
- Windows 11 PRO. IKKJE Home-versjon
- Den MÅ vera PC og ikkje MAC
Om eleven ikkje veit kva Windows-versjon dei har:
- skriv cmd i søkefeltet på oppgåvelinja
- skriv kommandoen systeminfo
Under OS Name skal det stå Microsoft Windows 11 Enterprise eller Pro
Du kan bli
- IT-utviklar, IT-driftsteknikar
- Mediedesignar, medieteknikar eller medieprodusent
På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.
Vi tilbyr
- vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon
- vg2 informasjonsteknologi
Ønskjer du å kombinera informasjonsteknologi og medieproduksjon med toppidrett?





