Hopp til hovedinnhold

Velkomen til eit nytt skuleår

Velkomen som elev ved Arna vidaregåande skule!

Open skule

Nye og gamle elevar er velkomne til omvisning på Arna vgs FØR skulestart dersom det er ønskjeleg.

  • Mandag 10.august kl. 13.00
  • Tirsdag 11. august kl. 11.00

Dette er ei fin mogelegheit til å bli kjend, sjå lokala på skulen og stille spørsmål. Møt opp ved hovudinngangen, miljøkoordinator viser dykk rundt på skulen. Velkomen

Praktisk informasjon

Første skuledag er mandag 17. august.

  • Alle vg1 klassane møter kl. 09.00 i kantina 
  • Alle vg2 og vg3 klassane møter kl. 10.00 

Før skulestart

Hugs å skaffa deg PC og signera låneavtale for lærebøker med meir. Føresette må signera avtalar for elevar under 18 år.

Elev-pc

Alle elevar i vidaregåande skule skal ha eigen PC. Du kan kjøpa PC gjennom Vestland fylkeskommune.

For nye vg1 og vg2 elevar som skal gå på Informasjonsteknologi og medieproduksjon kan kjøpa PC'en Dell Pro Max 16, som ligg på nettsida til elev-pc. 

For dei elevane som gjekk på Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon i fjor og kjøpte PC'en Dell Latitude 3450 treng ikkje kjøpa ny pc i år.

Informasjon om ordninga for elev-pc

Stipend

Som elev i vidaregåande skule har du rett til stipend. Alle elevar har rett til utstyrsstipend. Dette stipendet skal særleg gå til å kjøpa pålagt personleg verneutstyr og anna utstyr som er nødvendig i opplæringa.

Søk om stipend

Skuleskyss

Hugs å søkja om skuleskyss før skulestart. 

Informasjon om skuleskyss 

Søk skuleskyss

Lærebøker/Låneavtale

Lån av lærebøker til vidaregåande utdanning er gratis. Du må signera ein låneavtale med fylkeskommunen for å få tilgang til ordninga. Alle elevar må signere låneavtale kvart skuleår.

Merk at du må vise fram kvittering på signert lånekontrakt før du kan få utlevert skulebøker. 

Signering av lånekontrakt

Bokskap

Alle elevar får tildelt eit bokskap for oppbevaring av lånte bøker og anna privat utstyr. Hugs å ta med eigen hengelås du skal nytte på bokskapet ditt, til første skuledag.

Bruk av bilete

Vestland fylkeskommune bruker bilete i ulike media som t.d. internettsider, intranettsider, sosiale media, reklame, presentasjonar, brosjyrer og anna.

Lenkje for  signering av avtale om samtykkje til bruk av bilete (Digital signering).

Skulerute

Skuleruta for skuleåret 26/27

Visma 

Elevar og føresette for elevar under 18 år finn informasjon i Visma InSchool. Ein kan logga på via nettside eller app.

Du finn timeplanen din, kva klasse du høyrer til i, fråvær, merknadar, vurderingar og karakterar i Visma.

Passord og brukarnavn blir tildelt ved skulestart.

Informasjon om Visma

Er du klar til skulestart?