Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Ønsker du ein meiningsfull arbeidsdag der du jobbar med menneske?
Då bør du velje helse- og oppvekstfag på Arna vgs!
Opplæringa har mykje praksis, er tverrfagleg og kominerer teori og praksis på ein god måte. Ønsker du å bli sjukepleiar, kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.
På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.
Som elev på helse- og oppvekstfag kan du velje programfag i toppidrett, med fotball, handball, friidrett og e-sport. Vi kan også tilby andre idrettar etter avtale.
Vi tilbyr
Vg1 er felles for alle som vel Helse- og oppvekstfag. På skulen vår kan du på Vg2 søkje deg inn på:
- Helsearbeidarfag
Ønskjer du å kombinera helse- og oppvekstfag med toppidrett?







