Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

Elever bygger ute

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?

Er du motivert, uthaldande og i brukbar fysisk form – og samarbeider greitt med andre? Då bør du sjekke ut tilboda på Bygg- og anleggsteknikk! I dette faget får du bygge og vedlikehalde bygningar og anlegg.

Du kan ta fagbrev som tømrar, taktekkar og mykje anna. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Som elev på bygg- og anleggsteknikk kan du velje programfag i toppidrett, med fotball, handball, friidrett og e-sport. Vi kan også tilby toppidrett i andre idrettar etter avtale.

Vi tilbyr

Første året (vg1) er felles for alle som vel bygg- og anlegg. På skulen vår kan du på Vg2 søkje deg inn på:

  • Tømrar

Søk skuleplass på vigo.no

Ønskjer du å kombinera bygg- og anleggsteknikk med toppidrett?

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

Det første året er felles for alle som vel bygg- og anleggsteknikk, og du lærer om mange yrke du kan utdanne deg til. Opplæringa omfattar prosuksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar. Det blir stilt strenge krav til kvalitet og sikkerheit.

Vi disponerer nye og godt utstyrte verkstader som er bygd som ein lærestad, med nye klasserom, verkstader og garderobar. Mykje av dei praktiske øvingane går føre seg i verkstaden, men vi jobbar også utandørs.

Me har ei byggfagavdeling med erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. På vg1 og vg2 får du prøve deg hos ein bedrift. Dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet.

I fordjupingsfaget YFF tilbyr vi utprøving av fleire lærefag, hovudsakleg gjennom praksis i bedrift. Skulen har eit godt samarbeid med bransjen og dei aktuelle opplæringskontora. Du vil få praksis i bedrift i åtte veker i løpet av det fyrste skuleåret.

Læreplan vg1 bygg- og anleggsteknikk udir.no

Elevane er også ute på oppdrag i nærområdet. Arna vidaregåande skule tek på seg små og store oppdrag.

Vg2 Tømrar

Som tømrar kan du få mange ulike oppdrag, både nybygg, ombygging, tilbygg, rehabilitering og restaurering.

Kvart år tar avdelinga på seg arbeidsoppdrag innanfor dette fagområdet. På denne måten får du som elev bryne deg på reelle problemstillingar som du kjem til å møte i arbeidslivet.

I fordjupingsfaget YFF går du vidare ned i djupna på tømrarfaget. Mykje av opplæringa i faget går føre seg i praksis i bedrift. Det er her du kan knyte kontaktar for å få deg læreplass. Skulen har eit godt samarbeid med byggebransjen og dei aktuelle opplæringskontora. 

Etter fullført vg2 kan du få læreplass som tømrar.

Toppidrett

Toppidrett med yrkesfag passar for elevar som likar å trena mykje, og som samtidig ønskjer å utdanne seg innan bygg- og anleggsteknikk. Vi tilbyr valfritt programfag i toppidrett til dømes fotball, handball, friidrett. Vi kan også tilby toppidrett i andre idrettar etter avtale. Du trenar 5 timar i veka. 

Toppidrett.

 

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i ei godkjend lærebedrift. Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.