Hopp til hovedinnhold

Skuletur til Gdansk

Elevane som har tysk, japansk og morsmål som sine framandspråk frå vg2 studiespesialisering reiste på tur til Gdansk i februar.

Elevane besøkte Stutthof konsentrasjonsleir, den første nazistiske konsentrasjonsleiren utanfor Tysklands grenser, leiren ligg ca. 40 km aust for Gdansk. Opphaveleg ein interneringsleir for polsk intelligentsia, seinare slavearbeidsleir og utryddingsleir med gasskammer.
Elevane besøkte også Museum of the Second World War i Gdansk. Museet er eit museum som er vigd til andre verdskrig.
Det vart ein spennande tur med kaldt ver, koseleg hotellopphald og varme kjøpesenter.Elevane var fornøgde med turen og på flytoget som starta heimreisa vart det  ønske om ny skuletur neste år.