Hopp til hovedinnhold

Informasjon om endringar i fråværsreglane

Vestland fylkeskommune har bestemt at noko av det helserelaterte fråværet kan dokumenterast frå første dag, slik at det ikkje tel med på fråværsgrensa i faga.

Det er to tilfelle der fråværet kan dokumenterast frå første dag og dermed ikkje gjelde på fråværsgrensa:

  1. Elevar med auka risiko for helsefråvær-kroniske helseproblem-kan dokumentera slikt fråvær frå første time/dag. Elevane må vise dokumentasjon på slik sjukdom/helseproblem. Det skal då førast som D-fråvær og ikkje telje med på fråværsgrensa.
  2. Innkalling til planlagt behandling eller undersøkingar i helsevesenet (avtalte timar og konsultasjonar hos lege/tannlege/psykolog/BUP/fysioterapeut/sjukehus og liknande) skal førast som D fråvær og ikkje telje med på fagfråvær. Kontaktlærar behandlar desse fortløpande som før.

Ordninga får tilbakeverkande kraft frå skulestart 2025.

Lever dokumentasjon på fråvær frå tidlegare i haust til skulen (kontaktlærar).