Velkomen til skulen vår
Arna vidaregåande skule er ein tradisjonsrik skule med omlag 300 elevar fordelt på fem utdanningsprogram. Skulen held til på idylliske Garnes, med fjordutsikt mot Knarvik og Osterøy. Skulen vart rehabilitert i 2018 og framstår som ny og moderne.Toppidrett
Arna vgs tilbyr toppidrett for både yrkesfaglege og studiespesialiserande elevar. Eit eineståande tilbod til deg som ønskjer å kombinera idrett og skule. Du kan velje toppidrett som fotball, handball, friidrett, e.port eller individuelle greiner.Arna vgs på Instagram
Aktuelle saker
15.02.2024
Brynjulf Jung Tjønn
Forfattar Brynjulf Jung Tjønn var på besøk til oss. Han snakka nært og personleg om bøkene sine og om utanforskap og rasisme. Tankevekkande og fint for både elevar og tilsette.
12.02.2024
Studietur til Barcelona
Flott studietur til Barcelona med mange flotte intrykk. Elevane har budd i spanske familiar, hatt undervisning på språkskule og blitt godt kjent med byen.
24.08.2023
Visma InSchool
Vestland fylkeskommune bruker Visma InSchool (VIS) som sitt skuleadministrative system.