Hopp til hovedinnhold

Velkomen til eit nytt skuleår

Velkomen til skulestart torsdag 15. august. Tidspunkt for frammøte kjem i god tid før skulestart. Skulen har samla viktig informasjon som du treng for å førebu deg til skulestart.

Skuleruta

Info om skuleruta

Stipend

Som elev i vidaregåande skule har du rett til stipend. Alle elevar har rett til utstyrsstipend. Dette stipendet skal særleg gå til å kjøpa pålagt personleg verneutstyr og anna utstyr som er nødvendig i opplæringa.Søk om lån og stipend

Elev-pc

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Elev-pc

For nye vg1 og vg2 elevar som skal gå på Informasjonsteknologi og medieproduksjon kan kjøpa PC'en Dell Latitude 5550, som ligg på nettsida til elev-pc. Les meir

Skuleskyss

Hugs å søkja om skuleskyss før skulestart. Skuleskyss

Lærebøker/låneavtale

Lån av lærebøker til vidaregåande utdanning er gratis. Du må signera ein låneavtale med fylkeskommunen for å få tilgang til ordninga. Signering av lånekontrakt

Bruk av bilete

Vestland fylkeskommune bruker bilete i ulike media som t.d. internettsider, intranettsider, sosiale media, reklame, presentasjonar, brosjyrer og anna. Samtykke - bruk av bilete

Visma

Elevar og føresette for elevar under 18 år finn informasjon i Visma in School. Ein kan logga på via nettside eller app.