Ein lærling er ein arbeidstakar under utdanning. Å vera lærling betyr at du får opplæring i eit fag som fører fram til eit bestemt yrke og at du får fag- eller sveinebrev i faget.
Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført Vg2 i dei fleste yrkesfaga. Du må sjølv søkje læreplass. Her er nokre tips om kva du kan gjere: Læreplass
Finn godkjent lærebedrift
Kanskje veit du om ein bedrift der du ønskjer å søkje læreplass? Viss ikkje kan du finne lista over godkjente lærebedrifter på vilbli.no. Du kan og kontakte dei lokale opplæringskontora.
Søk læreplass
Det er fleire måter å søkje læreplass på. Du kan sjølv oppsøke bedrifter eller sende ein søknad. Store bedrifter har ofte eigne opptak av nye lærlinger. Uansett kva du vel tilrår vi at du søkjer gjennom vigo.no for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen.
Lærekontrakt
Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedriften. Då blir du lærling. Bedrifta har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.
Fag- eller sveineprøva
Lærlingeperioden blir vanligvis avslutta med fag- eller sveineprøva. Den blir laga med utgangspunkt i læreplanen i faget ditt.
Rettar og plikter som lærling
Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova.
Som lærling får du løn under utdanninga
Om lån og stipend for lærlingar hos Lånekassen